Vikariat til kombinert dagpraksis og vaktdeltakting i Stranda og Sykkylven veterinærdistrikt

Tidsrom: 15. mars – 17. mai 2025

Veterinærdistriktet treng vikar under lammingsperioden, som også kan tenkje seg å delta i veterinærvaktordninga. Autorisasjon og erfaring blir vektlagt. 
Det kan vere aktuelt å utvide engasjementet.

Fast dagsats opptil kr 3000,- pluss vaktgodtgjersle. Alternativ honorering kan diskuterast.

Veterinærdistriktet består av Stranda og Sykkylven kommunar, med maks 1,5 timar køyretid mellom ytterpunkta, ingen ferjer. Kommunane har eit aktivt landbruksmiljø med engasjerte bønder. Praksisen på produksjonsdyr omfattar i hovudsak mjølkekyr og kjøtfe inkl. semin, samt sau, geit og gris. Det er også hest i distriktet. Veterinæren vi har eit engasjement med i dag har ein liten, godt utstyrt smådyrklinikk i Sykkylven.

Stranda ligg sentralt i hjarte av Sunnmørsalpane. Vi har fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og eit variert og rikt kulturliv. Kommunen har bl.a. det største skisenteret på Nordvestlandet.

Ved interesse og for meir informasjon ta kontakt med Andrea Sundgot på e-post andrea.sundgot@stranda.kommune.no eller mobil 464 11 022.