Viktig melding om generelt bålforbud i Stranda kommune

 

Dette inneber at det ikkje er tillate å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark.
Grilling og bruk av bålpanne i t.d. eigen hage er framleis tillate.
Det generelle bålforbodet gjeld frå og med 15. april, og varer til 15. september kvart år. Forbodet gjeld skog og utmark, og er likt over heile landet.   

Forbodet står i forskrift 17. desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging. 

Forskriften opnar også for at vi kan brenne bål også når det er bart på bakken. I § 3 står "Det er likevel tillatt å gjøre opp ild der det åpenbart ikke kan medføre brann". Unntaket gjeld for eksempel etablerte bålplassar og andre stadar som er heilt trygge. Men er du i tvil, er det betre å la vere å tenne opp bål.

Stranda kommune har også eiga forskrift om brenning. 
https://lovdata.no/dokument/OV/forskrift/2012-03-14-314

Er det spørsmål rundt dette, ta kontakt med Stranda Brannvern v. Inge Teigen på tlf.nr.: 464 11 033