Workshop om trebaserte næringar i det grøne skiftet – korleis nytte moglegheitene

 

Dette handlar om å finne din plass i morgondagens marknad og å undersøkje kva som er innovasjonspotensialet i din bedrift!

Tredrivaren i Møre og Romsdal skal stimulere til trebasert innovasjon og inviterer til ein spanande innovasjonsprosess for trebaserte næringar i fylket. Tredrivaren er eit samarbeid mellom Fylkesmannen, Innovasjon Norge og Fylkeskommunen i Møre og Romsdal.

Tid: 16. juni, 2020
Stad: Nettbasert

I samarbeid med ProtoMore inviterer Tredrivaren i Møre og Romsdal til ein workshop med leiande forskarar, fagfolk og gründerar innanfor fagfelta skogindustriell økonomi, berekraft, trebasert produktutvikling og forretningsutvikling m.m.

Målgruppe: Trebaserte næringar og bedrifter i Møre og Romsdal.

I workshop’en vert det jobba med spørsmål om verdiskaping og innovasjon i eiga bedrift, korleis utnytte moglegheitene i det grøne skiftet og behovet for klimanøytrale bygg. Kva betyr dette for trebasert næring? Korleis utnytte klimavinsten og substitusjonseffekten til trebasert produktutvikling? Kva er dei trebaserte bedriftene sine eigne utfordringar for å møte berekraftbehovet i marknaden?

Mål

  • Skape ein innovasjonsarena for utvikling og utveksling av erfaringar, kunnskap og idéar
  • Gjere vegen kortare mellom forsking, innovasjon og næring
  • Medverke til effektiv utnytting av offentlege verkemiddel for trebaserte næringar

Workshop'en er gratis, men har ei avgrensing på tal deltakarar. Ved påmelding må du oppgi tre motivasjonspunkt for kvifor di bedrift ønskjer å delta på workshopen. Deltakarar blir valde ut på grunnlag av motivasjon og type bedrift.

ProtoMore Kunnskapspark har god erfaring med metodikken og skal leie oss gjennom ulike praktiske oppgåver/øvingar på ein variert, verdiskapande måte. 

Påmelding innan 28. april til: