Reguleringsplan for fv. 60 Tomasgard-Røyrhus - Varsel om utvida plangrense, Raftevollen-Røyrhus

Møre og Romsdal fylkeskommune varsla i brev datert 31.01.2022 om oppstart av planarbeid for strekninga fv. 60 Tomasgard–Røyrhus. Reguleringsplanforslaget for delstrekninga frå Raftevollen til Røyrhus nærmar seg no fullføring, og det har vist seg nødvendig å gjere nokre mindre endringar i den varsla plangrensa. Desse utvidingane er viste med blå stipla linje i kartutsnitta i vedlegget.

I samsvar med pbl § 12-8 blir aktuell mynde, grunneigarar, naboar og relevante organisasjonar varsla direkte med brev, og varselet blir lagt ut på fylkeskommunen og kommunane sine heimesider. I samråd med kommunane er det vurdert ikkje naudsynt å annonsere i avis.

Endringane gjeld 


i Volda kommune:
•    Ved Raftevollen trengs meir plass til midlertidig bru.
•    Ved Furebakken er det aktuelt å lagre massar.
•    Ved Orremyra er det aktuelt å lagre massar.
•    Ved Støverstein er det justering for å få med eit kulturminne i planområdet (Tr.hjemske postveg).


i Stranda kommune:
•    Områder til midlertidig anleggsbelte, LNFR, masselagring og mogleg myrrestaurering.

Spørsmål knytt til varselet kan rettast til planleggingsleiar Per Gunnar Løset, tlf. 94 36 59 62 eller på e-post per.gunnar.loset@mrfylke.no

 

Merknader 
Vi ber om at eventuelle merknader til varselet blir sendt til 
•    Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde, 
•    eller post@mrfylke.no, innan

                                           5. mars 2026

Vi gjer merksam på at det ikkje blir sendt eige direkte svar til den som sender inn merknad til varselet. Alle merknader blir vurdert og kommentert i planforslaget som blir lagt ut til offentleg ettersyn.

 

Lenke til kart - Varsling utvidet plangrense (PDF, 2 MB)