Lågterskel, helsefremjande og førebyggande gruppetrening for seniorar i alderen 65+.
Eit tilbod tilpassa for seniorar som opplever ustøheit med begynnande funksjonssvikt og som har behov for balanse- og styrketrening.
Kva?
Det er gruppetrening for deg som er over 65 år og bur heime. Du som kan gå utan hjelpemiddel inne, men opplever at balansen og styrken i beina ikkje er som før.
Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trener for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg til ein stol ved behov.
Gruppa blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs som går over 3 dagar. Fysioterapeuten er rettleiar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommunen.
Treninga er innandørs og det anbefalast at du kjem deg til og frå treninga sjølv.
Kvar og når?
Stranda: Måndagar kl. 16:30 – 17:30 på musikkrommet på Ringstad skule.
Hellesylt: Tysdagar kl. 11:00 – 12:30 i kjellaren ved Sunnylven omsorgssenter.
Liabygda: Måndagar kl. 11:00 – 12:30 i 2. etg. Ved Liabygda omsorgsbustad.
Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Gruppa har pause i feriar.
Ønskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med Sterk og stødigkoordinator i Stranda kommune på:
tlf. 464 11 173 eller e-post: abegail.helland@stranda.kommune.no
Vil du bli instuktør?
Vi har per no ei gruppe i Stranda, Liabygda og på Hellesylt. Vi treng fleire frivillige instruktørar som vil vere med å danne fleire gruppa og evt. starte ei gruppe i Geiranger. Dersom du vil bli instruktør kan du ta kontakt på:
E-post: abegail.helland@stranda.kommune.no Telefon: 464 11 173
Meir informasjon: