Sterk og stødig

Lågterskel, helsefremjande og førebyggande gruppetrening for seniorar i alderen 65+.
Eit tilbod tilpassa for seniorar som opplever ustøheit med begynnande funksjonssvikt og som har behov for balanse- og styrketrening.

 

Kva

Det er gruppetrening for deg som er over 65 år og bur heime. Du som kan gå utan hjelpemiddel inne, men opplever at balansen og styrken i beina ikkje er som før.

Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trener for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg til ein stol ved behov.

Gruppa blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs. Fysioterapeuten er rettleiar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommunen.

Treninga er innandørs og det anbefalast at du kjem deg til og frå treninga sjølv. Tilbodet er gratis.

 

Kvar og når?

Måndagar kl. 16:00 – 17:30/18:00 på musikkrommet på Ringstad skule.
Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Gruppa følger skuleåret og har fri når skulane har ferie.

Ønskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med Sterk og stødigkoordinator i Stranda kommune på:
tlf. 464 11 173 eller e-post: abegail.helland@stranda.kommune.no

 

 

Vil du bli instuktør?

Vi treng fleire instruktørar!

Vi leitar etter deg som:

  • Er glad i å bevege deg
  • Likar å jobbe med andre
  • Er fleksibel
  • Ønskjer å leie ei treningsgruppe

Du som blir instruktør, får:

  • Instruktørkurs. 3-dagers.
  • Hefte med øvingar
  • Hjelp med igangsetting av gruppe
  • Vidare rettleiing av fysioterapeut
  • Førstehjelpskurs og fagleg påfyll

Vi håper at du ønskjer å bli med på laget. Dersom du vil bli instruktør kan du ta kontakt:

 

Meir informasjon:

Kontakt

Trine Knudsen
Fysioterapeut
46411173