Bekymringsmelding

Er du bekymra for helsa til nokon?

Du kan skrive ei bekymringsmelding til fastlegen når du som pårørande eller kjenning er bekymra for ein annan person sin fysiske eller psykiske helse.
Det er viktig å vere klar over at bekymringsmeldinga vert lagra i pasienten sin journal. Pasienten får då tilgang til bekymringsmeldinga.

Kva kan du melde bekymring om?

  • Korleis personen fungerer i kvardagen
  • Psykisk helse
  • Om personen kan vere til fare for seg sjølv eller andre
  • Om pasienten følgjer behandlinga si
  • Om hjelpa rundt pasienten sviktar
  • Om grunnleggjande behov ikkje blir dekte

Dette bør vere med i ei bekymringsmelding

  • Namn, fødselsdato og adresse til personen du er bekymra for
  • Kontaktinformasjon til deg som sender meldinga
  • Ei forklaring på kva du er bekymra for, gjerne med døme 
  • Kor lenge du har vore bekymra

Kvar skal du sende meldinga?

  • Send meldinga til fastlegen dersom du veit kven det er
  • Dersom personen får tenester i kommunen, kan du ta kontakt direkte med tenestestaden
  • Om du ikkje veit kven fastlegen er eller om personen får kommunale tenester, kan du sende meldinga til helse- og omsorgstenesta i kommunen
     

Bekymringsmelding kan du sende pr. post til: 
Stranda legekontor
Øyna 13
6200 Stranda


NB! Bekymringsmelding skal ikkje sendast på e-post.