Helsestasjon for ungdom

HFU er eit lavterskeltilbod i tillegg til skulehelsetenesta. Her møter du helsesøster/jordmor og lege. Disse kan kontaktast  om fysisk eller mental helse eller om du har andre spørsmål knytta til din livssituasjon.

HFU er open kvar måndag i skuleåret frå kl 13:30 – 16.00.                                                                     
Lege er tilstades kvar gong frå 13:30 til 15:30.

HFU er på helsestasjonen  i Øynasenteret, 1. etasje,  inngang legekontoret, ambulanseinngangen.

Her får du hjelp og rettleiing om prevensjon, graviditet, seksuelt overførbare sjukdomar, seksualitet, psykiske og sosiale problem, vold og overgrep og bruk av alkohol, tobakk og narkotika.

HFU er eit gratis tilbod for gutar og jenter mellom 13-20 år. Du kan bestille time på førehand, eller droppe inn utan avtale.

Du er velkomen til å ta kontakt uansett kva som opptek deg! Husk, vi har taushetsplikt!

Helsesøster vil i tillegg bruke meir tid i skulen til samtale og oppfølging og slik vere meir tilgjengeleg både for elevane og lærarane! Vi har dei siste åra sett ei auke av barn og unge som kontaktar skulehelsesøster om små og store problem.

 

Nyttige telefonar og lenker:

.
Alarmtelefon for barn og unge     116 111 (1500 – 0800. Døgnopen, også  helger og på heilagdagar)
Ungdomstelefonen 400 00 777 (Søndag – torsdag kl: 18:00 – 22:00)
Mental helse hjelpetelefon          116 123  (Døgnopen)
Kirkens SOS                                    

224 00 040  (Døgnopen)

 

http://www.helsedirektoratet.no/

http://www.ung.no/

https://ungdomstelefonen.no/

http://www.sexogsamfunn.no/

http://www.slettmeg.no/

Sist endra 26.11.2018 13:35

Kontakt

Elin Tafjord Skoge
Jordmor

Kart