Tilbod for kreftpasientar og pårørande i Stranda kommune

  • Er lett tilgjengeleg for personar som er ramma av kreftsjukdom og deira pårørande i ulike fasar av sjukdomen.
  • Er til hjelp for å koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte.
  • Kan vere eit bindeledd mellom kommune og sjukehus og vere med på å gi heilheitleg omsorg og tryggleik.
  • Tilbyr samtalar, råd og rettleiing etter behov og ynskje. Både til pasient, pårørande og helsepersonell.

 

Ved behov for råd og rettleing ta kontakt på telefonnummer 464 11 141.
Tenesta går no via heimetenesta i Stranda.