Skal primært yte tenester til heimebuande med psykisk helse og/eller rusproblematikk som har behov for å prate med ein utanforståande. Samtaletilbodet er gratis. Vi kan også tilby heimebesøk ved behov. Dette er eit lavterskeltilbod som betyr at ein ikkje må ha henvisning fra lege. Ein kan ta direkte kontakt med oss, enten ved å ringe, sende brev eller møte opp på mottaket til Nav i Øynagården.
Vi gir også eit tilbod om samarbeid før, under og etter behandling i spesialisthelsetenesta innan psykiati og/eller rus.
Pårørande kan også henvende seg ved behov for samtale enkeltvis eller i gruppe.
Vi skal vere eit tilbod i hovudsak til alle i alderen 18 -65 år. (unntak vert vurdert frå sak til sak).