Tilskots- og velferdsordningarTilskots- og velferdsordningar i landbruketDet finst ei rekkje tilskotsordningar som skal støtte deg som bonde eller eigar av landbrukseigedom – enten du driv med husdyr, planteproduksjon, miljøtiltak eller investeringar på landbrukseigedomen. Mange av ordningane er laga for å gjere kvardagen enklare, styrkje økonomien i drifta og bidra til at kulturlandskapet vårt blir teke vare på.Vi oppmodar alle til å søkje på dei ordningane de har rett på. Tilskota kan gi viktig støtte i både dagleg drift, utvikling og utfordrande periodar. Sjå gjennom ordningane nedanfor og bruk dei moglegheitene som finst! Produksjons- og avløysartilskot (PT)Produksjonstilskot er den største tilskotsordninga i jordbruket og skal bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk. Eitt av vilkåra for å søkja om tilskot er at føretaket må vere registrert i Brønnøysundregistra med eige organisasjonsnummer. Basert på kva opplysningar du fører opp i søknaden, kan du få eitt eller fleire av desse tilskota:• Arealtilskot• Kulturlandskapstilskot• Husdyrtilskot• Driftstilskot til mjølkeproduksjon• Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon• Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk• Tilskot til økologisk husdyr- og planteproduksjon• Tilskot for dyr på beite og utmarksbeite• Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar• Distriktstilskot for frukt, bær, grønsaker og potet• Pristilskot for økologisk frukt, bær, grønsaker og potet• Avløysartilskot for ferie og fritid Før du fyller ut og leverer søknaden, må du ha sett deg inn i regelverket som gjeld for deg og din produksjon. Det er også lurt å lese om kva slags informasjon du skal registrere i søknaden, slik at du kan finne fram informasjonen du treng til utfyllinga, på førehand.Søknadsfristar: 15. mars og 15. oktoberDu finn informasjon og søknadsskjema her: Produksjons- og avløysartilskot i jordbruket - LandbruksdirektoratetRegionalt miljøtilskot (RMP)Tilskotet skal bidra til å ivareta jordbruket sitt kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturmiljø og -minne, jord og jordhelse, samt redusere bruk av plantevernmidlar og utslepp til luft og avrenning til vatn frå jordbruket. Alle registrerte føretak som driver vanleg jordbruksproduksjon og har gjennomført tiltak på areal dei disponerer i søknadsåret kan søkje om regionale miljøtilskot. Møre og Romsdal fylke har sitt eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføre. Tiltaka blir bestemte ut frå kva statsforvaltaren i Møre og Romsdal ser på som dei største miljøutfordringane i vårt fylke. Kommunen tek i mot, behandlar og avgjer søknader om tilskot, og svarar på spørsmål om konkrete saker.Søknadsfrist: 15. oktoberDu finn informasjon og søknadsskjema her:Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP) - LandbruksdirektoratetTilskot i jordbruket | Statsforvaltaren i Møre og RomsdalTilskot til drift av beitelag (OBB)Tilskot til organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak som er knytte til utmarksbeite. Ordninga gjeld for sau, geit og storfe som beitar i utmark. Det er beitelaga som kan søkje tilskot for drift.Føremålet med ordninga er å leggje til rette for ei meir rasjonell utnytting av utmarka og redusere tap av dyr på beite. Tilskotet blir målt ut per dyr som er sleppt på utmarksbeite.Ordninga er ein del av regionale miljøprogram (RMP), men har eige søknadsskjema.I søknaden skal du registrere talet på dyr som er sleppte og sanka, og alle medlemmer med organisasjonsnummer og beiteområde. Du bør ha dette klart når du registrerer søknaden.Søknadsfristar: 15. novemberDu finn informasjon og søknadsskjema her:Tilskot til drift av beitelag (OBB) - LandbruksdirektoratetTilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)Tilskot til tiltak som tek vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet til jordbruket, i tillegg til å redusere forureininga frå jordbruket ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. Eigar eller drivar av landbrukseigedom kan søkje.Stranda kommune ønskjer å bruke SMIL-midlar for å:• støtte aktiv drift og auka jordbruksproduksjon • motverke attgroing og tap av biologisk mangfald • fremje beitebruk • redusere erosjon og avrenning til vassdrag • hindre ureining frå gjødsellager og rundballar • restaurere verneverdige bygningar og kulturmiljø • betre tilrettelegging for friluftsliv • fjerne piggtråd i inn- og utmark • fremje samarbeid ved å støtte planleggings- og områdetiltakTilskotet er 40–70 % av kostnad. Gjennomføringsfristen er 3 år og kan forlengast med 2 år.Søknadsfrist: 15. marsSøknader innsendt innan fristen vert prioriterte, men det er høve til å søkje heile året.Det er utarbeidd lokal retningslinje (PDF, 438 kB)med satsar for arbeid. Du finn søknadsskjema her: Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - AltinnMeir informasjon: Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - LandbruksdirektoratetTilskot til tiltak i beiteområdeTilskotet gjeld tiltak som bidreg til å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområde. Det er fyrst og fremst beitelaga som kan søke på dette tilskotet.Enkeltføretak kan søke når det grunna naturgitte eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid. Døme på tiltak kan vere: Sperregjerder, ferister, elektronisk overvakingsutstyr (t.d. radiobjeller), elektronisk gjerde, saltsteinautomatar, sanke- og skilleanlegg.Søknadsfrist: 15. marsSøknader innsendt innan fristen vert prioriterte, men det er høve til å søkje heile året.Det er utarbeidd lokal retningslinje (PDF, 374 kB)med satsar for arbeid.Du finn informasjon og søknadsskjema her: Tilskot til tiltak i beiteområde - LandbruksdirektoratetTilskot til drenering av jordbruksjordTilskot til drenering av tidlegare grøfta eller planert, ikkje tidlegare grøfta jordbruksareal. Målet med tilskotsordninga er å auke produksjonsevna til jorda og redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Eigar av jordbruksarealet eller føretak som leiger jordbruksarealet kan søkje. Det er obligatorisk å legge ved kart med grøfteskisse søknaden. Kartet skal vise omriss av arealet som skal drenerast, plassering av hovudavløp, kummar og samle- og sugegrøfter. Søkjaren skal også merkje av område med erosjonsproblem eller tydeleg overflateavrenning, verdifulle landskapselement, naturmangfald og arkeologiske kulturminne i kartet. Søknadsfrist: heile åretSøknadane blir handsama etter kvart som dei kjem inn. Du finn søknadsskjema her: Tilskot til drenering av jordbruksjord - AltinnMeir informasjon: Tilskot til drenering av jordbruksjord - LandbruksdirektoratetTilskot ved produksjonssvikt Tilskot ved vesentleg svikt i planteproduksjon på grunn av klimatiske forhold. Før du søkjer må du ha meldt frå om svikten til kommunen. Det er eit vilkår for tilskot at du har meldt frå om avlingsskade til kommunen. Meldinga skal sendast via Altinn så snart skaden har oppstått eller kan oppstå, slik at kommunen får høve til å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvisast.Melding om skade: Førehandsvarsel om produksjonssvikt i plante- og honningproduksjon - AltinnSøknadsfrist: 31. oktober – hugs førehandsvarsel (melding)Du finn søknadsskjema her: Søknad om tilskot ved produksjonssvikt - AltinnMeir informasjon: Tilskot ved produksjonssvikt - LandbruksdirektoratetAvløysing ved sjukdom og fødsel mv.Tilskot for å dekke avløysarutgifter ved eigen sjukdom, sjukdom hos barn, svangerskap, fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking, og ved dødsfall. Kan søkjast av føretak eller etterlatne.Til søknaden skal du leggje ved dokumentasjon for • at den avløyste jordbrukaren var i ein situasjon som gjev rett til tilskot• utgiftene til avløysinga Vi tilrår at du har dokumentasjonen klar når du registrerer søknaden. I søknaden kan du få ei førebels berekning av tilskotet. Du finn informasjon og søknadsskjema her: Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. - LandbruksdirektoratetTidlegpensjon for jordbrukararTidlegpensjon skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.Du finn informasjon og søknadsskjema her: Tilskot til tidlegpensjon - Landbruksdirektoratet