Produksjonstilskot er den største tilskotsordninga i jordbruket og skal bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk. Eitt av vilkåra for å søkja om tilskot er at føretaket må vere registrert i Brønnøysundregistra med eige organisasjonsnummer.
Basert på kva opplysningar du fører opp i søknaden, kan du få eitt eller fleire av desse tilskota:
• Arealtilskot
• Kulturlandskapstilskot
• Husdyrtilskot
• Driftstilskot til mjølkeproduksjon
• Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
• Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
• Tilskot til økologisk husdyr- og planteproduksjon
• Tilskot for dyr på beite og utmarksbeite
• Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
• Distriktstilskot for frukt, bær, grønsaker og potet
• Pristilskot for økologisk frukt, bær, grønsaker og potet
• Avløysartilskot for ferie og fritid
Før du fyller ut og leverer søknaden, må du ha sett deg inn i regelverket som gjeld for deg og din produksjon. Det er også lurt å lese om kva slags informasjon du skal registrere i søknaden, slik at du kan finne fram informasjonen du treng til utfyllinga, på førehand.
Søknadsfristar: 15. mars og 15. oktober
Du finn informasjon og søknadsskjema her:
Produksjons- og avløysartilskot i jordbruket - Landbruksdirektoratet