Ringstad barnehage

Ringstad barnehage er ein kommunal barnehage som ligg like ved Stranda ungdomsskule, Idrettshallen og Stranda vidaregåandeskule.

Barnehagen er godkjent for 78 plassar.  Men det varierar frå år til år kor mange plassar vi driftar. Avdelingane vår heiter Fjorden, Bygda og Fjellet. Fjorden og Bygda er storbarnsavdelingar og har plass til 18 barn frå 3 år og oppover. Så har vi ei småbarnsavdeling som heiter Fjellet med 24 plassar (12 barn)

 

Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområdet som gir barna fine muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med grillhytte, gapahuk og bålplass, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement.

Barnehagen er open måndag til fredag frå kl. 06.40 til 16.15

Kontakt

Ringstad Barnehage
konstituert einingsleiar Susan Aambakk Helsem
46411130
Hilde Langlo Brekke
assisterande styrar
46411844

Kontaktinfo

Besøksadresse:
Hevsdalsvegen 44
6200 Stranda

Postadresse:
Øyna 13
6200 Stranda