Ringstad barnehage

Ringstad barnehage er ein kommunal barnehage som ligg like ved Stranda ungdomsskule, Idrettshallen og Stranda vidaregåandeskule.

Barnehagen er godkjent for 78 plassar som er fordelt på 4 avdelingar. Ei avdeling er småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn), dei tre andre avdelingane har 18 plassar kvar.

Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområdet som gir barna fine muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med grillhytte, gapahuk og bålplass som blir mykje nytta, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike  arrangement.

Barnehagen er open måndag til fredag frå kl. 06.40 til 16.15

Meir informasjon om barnehagen finn de ved å sjå Årsplanen for Ringstad barnehage.

Heimel:

·        Lov om barnehagar

·        Rammeplan for barnehagar

·        Kommunale retningslinjer for barnehagar

Kostnad:

·        Satsane blir fastsett av kommunestyret kvart år.

Opptak:

·        Hovudopptak ved barnehagane er om våren, med søknadsfrist 1. mars.

·        Elles er det løpande opptak heile året.

Søknadsskjema:

·        Ein må søkje elektronisk  på barnehageplass

Kontakt

Ringstad barnehage
Einingsleiar Venke Viddal Kleppe
46 41 11 35

Kontaktinfo

Adresse:
Hevsdalsvegen 44
6200 Stranda

Adresse

Adresse:
Hevsdalsvegen 44
6200 Stranda

Åpningstider

Adresse:
Hevsdalsvegen 44
6200 Stranda