Varsel om feiing og tilsyn kjem på SMS til din mobiltelefon

Kommunen tek i bruk SMS-varsling når feiarvesenet kjem for å feie skorsteinen eller gjennomføre tilsyn på fyringsanlegget.

Kommunen sluttar å varsle feiing og tilsyn med lappar i postkassa di.

Kommunen tek no i bruk SMS-varsling når feiarvesenet kjem for å feie skorsteinen eller gjennomføre tilsyn på fyringsanlegget.

Varselet på SMS kjem til deg som er eigar av bustad eller fritidsbustad/hytte i kommunen.

Når du mottek varselet på mobiltelefonen din, kan du stadfeste avtalen om tilsyn eller feiing, event. at du tek kontakt for ny avtale. Dersom SMS ikkje blir besvart blir ikkje tenesta utført.

Nummeret kommunen sender har 14-siffer f.eks 27300000221481 og kan virke ukjent, men det er helt trygt å svare på meldinga frå kommunen. 

Dette er ikkje noko svindelforsøk, men ei melding frå eit fagsystem/meldingsteneste. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å endre dette telefonnummeret.  Meldinga ser ut som på biletet under.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I meldinga får du to val og må svare med å taste 1 eller 2 som er følgjande alternativ:

1.      Tidspunktet passar. Vi har ein avtale!

2.      Tidspunktet passar ikkje. Eigar må ta kontakt for ny avtale!

Når du har sendt inn svaret får du ei ny melding med helsing frå feiar/brannforebyggar om at ditt svar er registrert. Så fort feiar/brannforebyggar er ferdig med tilsynet får du ein SMS med bekrefting med ei lenke til «Min eigedom». Her får du opp relevant informasjon om din eigedom etter feiing eller tilsyn. 

 

Oppdater din kontaktinformasjon slik at du får varsel

Når du har registrert deg i kontakt- og reservasjonsregisteret, kan du få viktige brev og påminningar frå stat og kommune digitalt.

Har du reservert deg mot digital kommunikasjon? Kommunen kan sende deg viktige varsel og meldingar sjølv om du har reservert deg mot digital kommunikasjon. Du vil kunne få slike varsel på det mobilnummeret eller på den e-postadressa du har lagt inn i kontakt- og reservasjonsregisteret. Det er også viktig at kontaktinformasjonen din er oppdatert. 

Bruk lenke nedanfor for å registrere deg i Kontakt- og reservasjonsregisteret eller for å oppdatere kontaktinformasjon.

https://www.norge.no/nb/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon

 

 

 

 

 

 

 

 

Min Eiendom Feiing og tilsyn på min eigendom

Når ein har trykt på lenkja, kjem denne sida opp:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På denne sida finn du all informasjon om din bustad/eigedom, når det gjeld feiing og tilsyn med fyringsanlegget. Her kan du svare på varsel om tiltak, finne historikk, ev. avvik og merknadar på ditt bygg.

Her kan du gi tilbakemeldingar om retting av avvik/merknadar, og finne tidligare dialog med feiar/brannforebyggar.

 

Etter feiing og tilsyn

Huseigar vil få ei kvittering på sms etter utført feiing/tilsyn eller ikkje utført feiing/tilsyn.

Då feiing og tilsyn er risikovurdert og behovsprøvd, kan huseigarar oppleve at vi kan feie eller gjennomføre tilsyn i ditt nabolag, men at vi ikkje er hos deg.