Befaring på campingplassar

 

Campingplass - bilde 2.png

Stranda Brannvern gjennomførte førre veke ei befaring på fleire campingplassar i Geiranger.

Her hadde ein fokus på informasjon til eigar og tilsette om branntryggleik og brannforebygging.

 

Eigarane av campingplassane er flinke til å  påsjå  at avstand mellom camingvogner og bubilar er  min. 3 meter, og det var kun på ein plass ein registrerte at dette ikkje var overhelde.

Alle campingvogner og campinghytter skal ha slokkeutstyr og røykvarsler. Dette er det eigar av campingvogn eller hytte som er ansvarleg for.

Elles hadde ein fokus på bruk av åpen eld og grilling. Nokre av campingplassane hadde hatt tilløp til brann pga. eingongsgrillar, og hadde derfor grillar for utlån. Ein anbefalte campingplassane til å tilrettelegge trygge plassar for grilling med underlag av grus e.l. Det er også viktig at det er avfallsdunk for brukte eingongsgrillar og grillkol på campingplassen.

Ei utfordring ved fleire campingplassar er at avfallsconteinarar og dunkar er plassert inntil bygningar. Ved brann i avfallet vil brannen spreie seg til bygninga på kort tid. Avfallsconteinarar og dunkar bør stå min. 8 meter frå brennbar bygning.

Det var ingen av campingplassane som hadde tilfredsstillande oversiktsplan/kart som viser kvar m.a. plassering av slokkeutstyr, branngater, seksjonar/parkeringsfelt, køyrevegar, naudnummer m.m.