Kan sveitsisk fjellandbruk stå modell for «verdsarvlandbruket» ?

 Sveitsisk fjellandsbruk.png - Klikk for stort bilete Tid og stad: Røde kors-huset i Eidsdal, onsdag den 3. oktober, kl. 10.00-14.45

Publisert av Line Drege. Sist endra 21.09.2018

Støtteordningane for landbruket i verdsarvområda har no fått verke i ein del år. Utviklinga i «vårt» verdsarvområde er trass i dette ikkje berre positiv. Det er svært lite att av husdyrhaldet i Geiranger.

Vi tør på dette møtet å stille spørsmålet om det «regimet» som er lagt for å ta vare på det landbruket vi ønskjer å ha i verdsarvområdet er godt nok til at vi for framtida vil ha eit levande jordbruk i bygda, basert på husdyrhald.

Vi har sett litt til korleis andre land, m.a. Sveits og Austerrike,  innrettar jordbrukspolitikken for tilsvarande område og stiller spørsmålet om ein liknande modell kunne eigne seg også her i landet. Vi har fått ein svært kompetent person (Smedshaug frå Agri Analyse) til å presentere den sveitsiske modellen, og prøvar å få svar på om dette kan å vurdere for verdsarvområda.

Sjølv om dette temaet primært er mynta på problematikken for jordbruket i verdsarvområda er det heilt sikkert mykje nytting informasjon å hente også når det gjeld den generelle landbrukspolitikken. Ein oppmodar difor om at også folk utanfor Geiranger stiller.

Program (PDF, 602 kB)