Masteroppgåve om tettstadsutvikling av Hellesylt

Klikk for stort bilete

Anna van der Zwaag og Tora Vollset er inne i sitt siste semester som arkitektstudentar ved NTNU. Dei har valt å busette seg på Hellesylt i ei periode for å arbeide med si masteroppgåve.

Oppgåva omhandlar tettstadutvikling av Hellesylt, og dei ønsker å kome i kontakt med flest mogleg som bur på Hellesylt for å få eit innblikk i deira kvardag. Dei er opptekne av å få høyre om kva som er bra med å bu på staden, samt kva utfordringar ein kan ha i ein tettstad. 

Dei held til i møterommet til Sparebanken Møre på Hellesylt, og dei kan treffast mellom kl 10.00 og 16.00 alle kvardagar. Er du nyskjerrig på deira kvardag kan du gå inn på Instagram og klikke deg inn på @Hellesyltnyefortellinger.

Stranda kommune ynskjer dei lukke til med arbeidet!