Opning av Ljøtunnelen

Ljøtunnelen - Klikk for stort bilete

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 16.12.2016

Annonse Ljøtunnelen - Klikk for stort bilete

Velkommen til opning av Ljøtunnelen laurdag 17. desember 

Møre og Romsdal fylkeskommune, Stranda kommune, og Statens vegvesen inviterer til folkefest når Ljøtunnelen offisielt skal opnast 17. desember.

Program
kl. 12.00-12.45 Opning inne i Ljøtunnelen med talar, korps og snorklipping.

Sunnylven skulekorps, dansegruppa frå Stranda Kulturskule og eit felleskor frå Stranda og Sunnylven vil stå for underhaldninga.

kl. 12.30-15.30 Folkefest i Stranda sentrum.

Frå kl.12.30 blir det kake, kaffi, brus og pølse med brød og nokon overraskingar i Storsalen på Kulturhuset.

Frå kl.13.30-15.30 blir det underhaldning på scena kvar halvtime. Stranda Ungdomskorps og Stranda Kulturskule vil stå for underhaldninga.

Transport: det blir ikkje mogleg å parkere i Ljøtunnelen på opningsdagen.

Det vil gå buss frå Stranda ferjekai kl. 11.15 og frå Orkla på Sve kl. 11.15 og frå prosjektkontoret til Statens vegvesen på Hellesylt kl. 11.15, med retur etter program i tunnelen. Møt opp i god tid.

Dei som treng ekstra assistanse kan kontakte Stranda kommune.

Ljøtunnelen er tredje og siste byggesteg i rasstryggingsprosjektet Røyr-Hellesylt på fylkesveg 60. Sidan vegen vart opna i 1962 har snøskred vore den største trusselen på fylkesveg 60 mellom Stranda og Hellesylt.