Søknad på støtte til verdiskapsingsprosjekt innan kulturminnefeltet

Publisert av Line Drege. Sist endra 13.12.2018

Kulturminne.jpg - Klikk for stort bilete

Riksantikvaren ønskjer gjennom dette å «bidra til oppfølging av nasjonale mål og satsinger på kulturminnefeltet ved å legge til rette for at kulturminner, kulturmiljø og landskap blir integrert i lokal og regional utvikling. Tilskudd fra posten skal stimulere til forpliktende samarbeid og partnerskap mellom offentlige og private aktører over sektorgrenser og mellom forvaltningsnivåene.»

Møre og Romsdal fylkeskommune skal i 2019 sende inn søknad om verdiskapingsmidlar knytt til utvikling av Den Trondhjemske postvei som historisk ferdselsåre. Dette gjennom satsinga «Ein bit av historia». Fylkeskommunen kan i tillegg ta imot søknader, vurdere dei og gje ei innstilling til Riksantikvaren innan 15. januar 2019.

Retningslinjene for slike søknader finn de i vedlagte brev. (PDF, 3 MB)