Tilskot til tiltak i beiteområde

Ferist.jpg - Klikk for stort bilete

Føremålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Publisert av Line Drege. Sist endra 08.02.2019

Skjema skal sendast kommunen

Søknadsskjema med underskrift skal sendast kommunen der tiltaket skal gjennomførast. Kommunen vurderer og uttalar seg om søknaden før dei sender søknaden til Fylkesmannen som handsamar og avgjer søknaden.

Tilskotet er delt i to ulike grupper tiltak - Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt, samt tilskot til investeringar knytt til utmarksbeitene.

Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt

Dette kan vere ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. Dette kan m.a. omfatte

  • Planlegging og prosjektering av faste installasjonar
  • Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde
  • Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beita
  • Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk
  • Utarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan m.m.) for utmarksbeite
  • Vegetasjonskartlegging

Tilskot til investeringar i faste installasjonar og anna utstyr knytt til beitebruk

Innanfor desse rammene kan Fylkesmannen gje tilskot til alle tiltak som fremjar beitebruken i eit område.

Ulike typar faste og mobile investeringstiltak ein kan gje tilskot til (lista er ikkje uttømande):

  • Sperregjerde som skal hindre beitedyr i å komme ut av beiteområdet. Sperregjerde kan også tene til å avgrense beiteområdet mot veg, jernbane, tettbygde strok og samanhengande jordbruksområde.
  • Ferister bør være av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar.
  • Ein kan gje tilskot til bruer som er dimensjonerte for føring av beitedyr. Dersom bruene er kraftigare dimensjonert kan kostnadsoverslag eller del av tilskot reduserast tilsvarande.
  • Kostnadsoverslag for gjetarhytter kan omfatte hytter på inntil 20 m2 med kvadratmeterpris som svarar til gjennomsnittleg kostnad for hytter av enkel standard i det aktuelle området.
  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar
  • Saltsteinsautomatar
  • Transportprammar

Elektronisk overvakingsutstyr (radiobjøller, lammenodar, Find-my-sheep m.m.)