Unntaksreglar for spreiing av husdyrgjødsel hausten 2018.

 

Publisert av Birgitte Langlo. Sist endra 12.10.2018

Traktor.png - Klikk for stort bilete

Steinar Reiten har stilt spørsmål i Stortinget til landbruks- og matminister Bård Hoksrud om det kan gjerast unntak for fristen for spreiing av husdyrgjødsel på grunn av dei spesielle vêrtilhøva denne sesongen.

I andre avsnitt på side 2 viser landbruks- og matministeren til § 31, tredje lekk i forskrifta. Kommunen har handlingsrom til å gi dispensasjon for spreiing av husdyrgjødsel dersom tilhøva tilseier det, skriv han. Ein slik dispensasjon må fattast i form av enkeltvedtak der kommunen vurderer kvar sak for seg.

Gjeldande forskrift for Stranda kommune seier følgjande om spreietidspunkt:

§ 3.Spreietidspunkt

 

a.

Generelt

 

Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav er berre tillate i perioden 15. februar til 1. november. Det er ikkje tillate å spreie gjødselvarer på snødekt eller frossen mark.

 

b.

Spreiing utan nedmolding

 

Spreiing av blaut gjødsel utan nedmolding/nedfelling på eng og annan grøde skal gjerast seinast innan 20. september.

Kommunen kan etter søknad likevel, og på dei vilkår som er nemnt i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23, gi løyve til seinare spreiing, men ikkje seinare enn 1. oktober.

 

c.

Spreiing med nedmolding

 

Fristen for spreiing med nedmolding er 1. november. Nedmoldinga bør skje straks, og må skje innan 18 timar.

 

d.

Småfegjødsel

 

Spreiing av fast småfegjødsel utan nedmolding skal gjerast innan 1. oktober.

 

Slik eg oppfattar skrivet frå ministeren får ikkje dette følgjer for praktiseringa i Stranda kommune. Det første vedtaket om unntak for spreiing utan nedmolding som vart utvida til 1. oktober fekk konsekvens for Stranda som fekk utvida fristen frå 20. september til 1. oktober, men gyldigheita av dette vedtaket er jo no ute.

Dersom ein skal opne for generell utsetjing for spreiefristen må dette gjerast i form av forskriftsendring. Av tidsmessige årsaker er det urealistisk å få gjennom ei forskriftsendring som kan hjelpe situasjonen i 2018. Det måtte i 2018 difor søkjast i kvar einskilt tilfelle.

Lenkje til brev (PDF, 99 kB)