Høyringar

Høyring – forslag til samla jaktforskrift for Stranda kommune

Stranda kommune sender med dette forslag til ny, samla jaktforskrift på offentleg høyring.

Bakgrunnen er grensejusteringa mellom Stranda og Fjord kommunar frå 1. januar 2027 og 
behovet for å tilpasse det lokale forskriftsverket til den nye kommunegrensa. Kommunen nyttar 
samtidig høvet til å samle tre eksisterande forskrifter i éi forskrift.
 

Forslaget omfattar:

  • opning av jakt på hjort og rådyr
  • minsteareal for hjort og rådyr
  • fellingsavgift for hjort
  • bruk av restlysforsterkare og termiske siktemål ved jakt på hjort

Forslaget inneber i hovudsak ei samordning og forskriftsteknisk oppdatering av gjeldande føresegner. Det vert ikkje lagt opp til ein ny fagleg gjennomgang av gjeldande minsteareal, fellingsavgift eller ordninga med bruk av restlysforsterkare og termiske siktemål.

Merknader til forslaget kan sendast til Stranda kommune på e-post til: post@stranda.kommune.no 
Merk høyringssvaret med «Høyring – samla jaktforskrift».
Høyringsfrist: 04.12.26
 

Etter høyringa vil innkomne merknader verte vurderte før saka vert lagd fram for endeleg politisk handsaming. 

Lenke til forskrift og saksutgreiing:

Forskrift jakt november 2026
Tittel Type Storleik
Lokal jaktforskrift i Stranda kommunePDF461 kB
Sakspapir Samling av forskrifter til ei lokal jaktforskriftPDF70 kB

Artikkelliste