250 millionar til reiselivsnæringa

Ordninga skal gi reiselivsverksemder moglegheit til å gjennomføre omstillingsprosjekt som gjer dei i stand til å halde oppe kundegrunnlaget, tilpasse seg smitteverntiltak og endringar i reiselivsmarknaden.

– Reiselivsnæringa er hardt ramma av koronapandemien. Folk sine reisevanar er dramatisk endra, og store deler av marknaden er borte. Difor vert det innført ei ny ordning der reiselivsaktørar kan søkje om pengar for å omstille seg til den nye kvardagen eller for å tilpasse seg smitteverntiltaka som er satt i verk. Vi trur dette vil føre til at fleire overlever krisa, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Det er Innovasjon Norge som skal administrere ordninga, og bedrifter kan søkje om pengane via heimesidene deira innan 15. september. For å kunne søkje må verksemda ha hatt ein gjennomsnittleg svikt i omsetnaden omsetningssvikt for månadene juni, juli og august på minimum 30 prosent.

Den nye ordninga er no godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA.

Meir informasjon på Innovasjon Norges nettsider.

Fakta om ordninga

  • Stortinget har vedteke ei tilskotsordning for reiselivsnæringa på 250 millionar kroner, som er lagt til Innovasjon Norge, for å hjelpe næringa å omstille seg.
  • Støtta går til verksemder innanfor reiselivsnæringa som har hatt eit fall i omsetnadene på meir enn 30 prosent, i perioden juni, juli og august.
  • Støtta skal reknast ut frå budsjetterte kostnader knytt til å oppretthalde eit kundegrunnlag, tilpassing til smitteverntiltak, og tilpassing av verksemda til kundegrupper med endra behov og preferansar som følgje av covid-19 utbrotet.
  • Inntil 80 prosent av kostnadene til omstilling kan dekkast gjennom ordninga. Det kan gjevast støtte opp til 100 prosent i særskilde tilfelle. Då må søkjar gi gode argument om kvifor det er naudsynt  og rettkome.
  • Ikkje noko verksemd  kan få meir enn 5 millionar kroner i tilskot.