Auka satsar for drenering av jordbruksareal

 

I årets jordbruksforhandlingar vart partane samde om å auke tilskotssatsane for drenering frå 1. juli. Nye satsar er 2 500 kroner per dekar og 38 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2 500 kroner per dekar berørt areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2022. Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord blir oppdatert med dei nye satsane.

Det er for 2022 avsett 68 mill. kroner til drenering. Dette, i tillegg til tidlegare udisponerte midlar på ordninga, betyr at det bør vere tilstrekkeleg med middel til drenering framover. Tilskotet er meint å vere eit insitament for å igangsette drenering. Tiltakshavar må dekke hovuddelen av kostnadene.

Av omsyn til mellom anna vassmiljøutfordringar, skal areal med korn, grønsaker og poteter framleis prioriterast ved fordeling av middel.

Behandling av søknader som er sendt inn før 1. juli der tiltaket ikkje er påbyrja

Søkjarar som har fått innvilga tilskot før 1. juli etter gamle satsar, kan trekke gammal søknad og sende ny søknad når arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er påbyrja. Kommunen må då fatte nytt vedtak om tilskot. Samtidig skal kommunen trekkje inn tidlegare innvilga tilskot ved avslutte den gamle saka i Agros. I tillegg til endra tilskotssum, kan det bli ny arbeidsfrist. I mellomtida kan òg planane ha vorte endra. i tillegg til god forvaltningsskikk og ryddig sakshandsaming, vil denne praksisen medverke til å sikre korrekte statistikkopplysningar.

Søknader som kommunen ikkje har behandla før 1. juli, kan innvilgast med nye satsar (utan ny søknad).

Behandling av søknader som er sendt inn før 1. juli der tiltaket er påbyrja

Etter forskrifta § 3 kan det ikkje gjevast tilskot der tiltaket er påbyrja. Dette betyr at det ikkje kan gjevast tilskot etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle.

Fagsystemet Agros er oppdatert med nye satsar

Dei nye satsane blir innarbeidde i fagsystemet Agros/søknadsportalen med verknad frå og med 1.7.2022.