Bestill koronatest på nett

Treng du å bli testa?

Alle som mistenker at dei kan vere smitta av koronaviruset (covid-19) kan be om å bli testa. Sjå testkriteria til Folkehelseinstituttet (FHI).

Er du i tvil om du bør teste deg kan du ta "koronasjekken" først. Her svarar du på nokre enkle spørsmål, og basert på svara dine får du ei tilråding på om du bør testast eller ikkje. Lenke til Koronasjekken finn du på sida der du bestiller test.

Slik bestiller du koronatest

  • Gå til https://c19.no Følg lenka til koronasjekk for å sjå om du bør teste deg.
  • Trykk på «Bestill tidspunkt for testing» og logg inn med digital ID, til dømes BankID.
  • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille testing på vegner av andre.
  • Når du har sendt inn skjemaet blir du tildelt første ledige tidspunkt for testing.
  • Du får opp ei kvittering på bestillinga di. Merk deg kvar og når du skal møte opp. Kvitteringa inneheld også andre opplysningar som det er viktig at du leser.

I kartet under ser du kvar du skal køyre og vente når du skal testast

Bestill koronatest her

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

Etter testing

  1. Dersom du kjem frå utlandet, vil ikkje negativ test føre til at innreisekarantene på 10 dagar vert oppheva.
  2. Hald deg i karantene til du får prøvesvara dine. Det vil bety at du ikkje kan reise på jobb, skule, barnehage, butikk og offentleg transport. Anbefalinga er å vere i heim og i eigen hage.
  3. Karantene gjeld ikkje andre i husstanden som er symptomfrie. Kontakt arbeidsgivaren din for retningslinjer for arbeidsplassen din.
  4. Nærkontakt med menneske som har stadfesta koronavirus eller sannsynleg korona, medfører karantene for vedkomande og karantene for husstandsmedlemmer. 

Slik får du svar på testen din

Du får prøvesvar på din covid-19 test her på helsenorge.no så snart testprøven er analysert og svart på. Prøvesvar frå alle laboratorium i Noreg vil vere tilgjengeleg. Du må ha BankID for å logge på og finne prøvesvara dine.

Du får telefon frå lege om testen er positiv. Du må ikkje ringe og etterlyse prøvesvara før dag fire.