Ei gladmelding frå Stranda omsorgssenter

I dag, 24.09.21 kl. 16.00 opnar vi hovedinngangen!

Hovedinngangen har vore stengt sidan 12. mars 2020 og har vore eit sterkt symbol på kvardagen vår og pandemien her på Stranda.

Det er med stor glede og på vegne av dei tilsette ved sjukeheimen, at vi vil ynskje alle som vil besøke oss velkomne tilbake!

Vi gler oss til ein meir normal kvardag i samarbeid med dokke og vi vil benytte anledninga til å takke alle som har vist forståing og vore med å beskytta dei eldre og oss gjennom pandemien so langt.

Stranda omsorgssenter er UTRULEG stolte av å hittil ikkje hatt Covid-19 smitte inne på huset vårt.

Dette er takka vere høg vaksinasjonsdekning av bebuarar og tilsette, god hygiene og lav terskel for å halde seg heime ved sjukdom.

TAKK FOR SAMARBEIDET, INNSATSEN OG GODT JOBBA!

Venleg helsing på vegne av alle tilsette
Hannah Velle Vadset & Marita Solli
Fagleiarar Sjukeheimen