Flyttar stengeperiode for Eidsdal ferjekai

Møre og Romsdal fylkeskommune

Den planlagde stenginga av Eidsdal ferjekai i april i år, blir flytta til oktober. Årsaka til flyttinga er ei totalvurdering av framdrifta i prosjektet og at ei stenging i oktober vil få mindre konsekvensar for lokalmiljøet og næringsaktørar i området.

Tidlegare har det vore varsla om ei stengeperiode i april for å mellom anna bygge nytt landkar og bytte ferjebru. Det er fleire årsaker til at denne stenginga no blir flytta til oktober (i løpet av veke 42), då det allereie er planlagd ei stengeperiode for å gjere ein større pelejobb.

Utfordrande grunnforhold og mindre konsekvensar for lokalmiljøet

Ei sentral årsak til endringa er at grunnforholda på sjøbotnen er dårlegare enn antatt. Dette fører til usikkerheit om entreprenøren rekk å ferdigstille pågåande arbeid før stengeperioden som var planlagd i april. Samstundes har det vore tett dialog med partar dette vedkjem i området, som har vore tydelege på at stenginga i april vil føre til utfordringar for mellom anna næringsaktørar.

-Vi har hatt ein gjennomgang med entreprenør om desse forholda, og dei skal greie å gjere operasjonane som var planlagd i april, samstundes med pelinga som dei skal utføre i oktober. Det er avgjerande at dei får gjennomført dette arbeidet i oktober, for å rekke sluttdatoen. Ferjekaiene i Eidsdal og Linge skal vere klare imot nye miljøferjer frå 2024,  seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Kristian Remkall.

Og fortset:

- Det har vore ein nyttig dialog med lokalmiljøet og næringsaktørar undervegs, som har tydeleggjort konsekvensane ved å stenge i ei periode i april, med stor trafikk og mykje aktivitet. Ved å samle stenginga til oktober vil desse konsekvensane vere noko mindre, og dei får meir tid til å planlegge.

Remkall er tydeleg på at prosjektet ønskjer å fortsette den gode dialogen med lokale interessentar for å redusere negative føljer mest mogleg. Dette gjeld mellom anna naudetatar, næringsinteresser og andre.

Kan bli noko lengre stenging

I og med at det blir meir omfattande arbeid som bli utført i oktober, kan det bli noko lengre stengeperiode. Anslaget er på mellom 2-3 veker.

- I stengeperioden i oktober vil det vere pelearbeidet, med ytste del av tilleggskaia, som vil være styrande for varigheita. Vi anslår mellom 2 til 3 veker til dette arbeidet, men vil planlegge for å korte denne perioden ned til et minimum, seier Remkall.

Det vil i tida framover også bli jobba med avbøtande tiltak, som alternative ferjeruter i stengeperioden, og halde god dialog med beredskapsaktørar og andre interessentar, for å få til best mogleg løysingar når ferjekaia blir stengd.

Bakgrunnen for anleggsarbeidet er at de det skal byggast nye ferjekaier på Eidsdal og Linge som kan ta imot nye miljøferjer frå 2024. Ferjene får ein kapasitet på 80 personbileiningar, som er ei vesentleg forbetring samanlikna med ferjene som går i sambandet i dag, som er 35 personbileiningar.

Kontakt:
Ole Kristian Remkall
Byggeleiar fylkesvegavdelinga – vegprosjekt
Møre og Romsdal fylkeskommune

Tlf. 71280181/ 90228890

Ole.kristian.remkall@mrfylke.no

www.mrfylke.no