Førebels orientering om kompensasjonsordninga til lokalt næringsliv

  

Stranda kommune har fått brev frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet med orientering om forvaltning av kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, kap. 553 post 68. (PDF, 805 kB)

Stranda kommune meinte kriteria for tildeling her var lite spesifiserte og oppmoda Møre og Romsdal Fylkeskommune om å kome med ei meir detaljert orientering. Ei slik orientering vart halden for alle kommunar via Teams, og det er sendt ut brev til kommunane med ei oppsummering av det som kom fram der. (PDF, 431 kB)

Ordføraren I Stranda ønskjer likevel at Formannskapet tek stilling til ein del prinsipielle spørsmål omkring tildelinga før administrasjonen legg fram eit forslag til fordeling. Saka kjem opp i Formannskapet 12.04.21. Innan den tid vil vi også mest truleg vite kva den totale ramma for Stranda kommune vert ettersom det etter første tildeling (750 MNOK) kom signal om at det vil kome enno ei tildeling (500 MNOK) til fordeling på kommunane.

Prosedyra vidare vert då som følgjer:

  1. Næringssjefen lyser ut midlane på www.regionalforvaltning.no med ein tidsfrist for å søkje saman med informasjon frå dei sentrale /regionale føringane og ev. tilleggskriterium som Formannskapet måtte kome med i møtet 12.04
  2. Utlysinga vert kunngjort på kommunen sine heimesider/Facebook-sider og annonse i Nyss med vising til heimesida.
  3. Næringssjefen vurderer innkomne søknader og legg fram innstilling til Formannskapet
  4. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling og søkjarane får tilsendt svar.

Mitt råd til potensielle søkjarar:

Start innhenting av dokumentasjon på reelle tap grunna smittevernrestriksjonar, jf. brevet frå MR FK (PDF, 134 kB), slik at dette er klart til de skal søkje. Det vil nemleg bli ein relativt kort søknadsfrist fordi vi ønskjer at midlane skal kome i arbeid snarast råd.

 

Inge Bjørdal

- Næringssjef-