Frigjerings- og veterandagen i Stranda kommune

I samband med at det i år er 80 år sidan frigjeringa av Noreg, vert det markering ved minnesmerket Stranda Rotary har sett opp framfor Skinkerådhuset, torsdag 8. mai klokka 19:00.

I tillegg til medlemane i Stranda Rotaryklubb så kjem både ordførar og representant for Stranda og Sykkylven Heimevern.
 

Alle er hjarteleg velkomne.