Frivillighetsprisen Stranda Kommune 2019

Frivillighetsprisen i Stranda Kommune vert gitt for å heidre ein person eller lag/organisasjon som har gjort ein særskilt innsats innan det frivillege arbeidet gjennom ei årrekke.

Prisen er sponsa av Sparebanken Møre og utdelinga vert administrert av Stranda Frivilligsentral v/ styret og dagleg leiar Aud Tomasgard Berstad.
Styret i Frivilligsentralen + 1 representant frå Sparebanken Møre utgjer juryen:
Øystein Lied Lunde, Synnøve Espe Solheim, Jorunn Helth, Anita Langeland, Marianne Fivelstad, Anne Mette Viggehagen, Gro Anita Loen Sve, og frå Sparebanken Møre Kjell Martin Ringset.

Prisen skal være et bilde eller måleri av ein kunstnar frå eller med tilknytning til Stranda Kommune, og i år får vinnaren eit måleri av Donka Uzunova Petkova – innehavar av Art Studio Aknod på Stranda

Det kom inn mange gode forslag og det er ikkje enkelt å ta eit valg, men i år har juryen kome fram til ein person som har engasjert seg for å få på plass aktivitetar på fleire arenaer gjennom mange år.

Han var lærar på Stranda Ungdomsskule i mange år til han gjekk over i pensjonisttlværelsen.
Vedkomande har eit stort hjerte for frivilligheit, og er genuint interessert i lokalsamfunnet.

Eksempel kan nemnast:
- Store prosjekt som initiativtakar til rydding av "gamlevegen" frå Storgjerdet til Ringstadsætra slik at den no er ein mykje brukt turveg både sommar og vinter.
- Initiativtakar til å registrere, sette opp skilt og lage turkart over turvegar og råser i Stranda Kommune.
- Det største prosjektet tok vedkomande initiativ til i 2013. Utbetring av Den Trondhjemske Postvei over Ljøbrekka frå Herdalen til Ljøen. Eit stort prosjekt som det står respekt av å få gjennomført. Prisvinnaren og gode hjelparar ser no eit snart ferdig resultat som det er berre å ta av seg hatten for.
- Som om det ikkje er nok, har prisvinnaren eit stort hjarte for idrett og særleg handball. Det er mange barn og unge som har hatt prisvinnaren som handballtrenar, og prisvinnaren har vore særs viktig for utviklinga av handballen på Stranda, og ein ressurs for heile regionen. I tillegg har prisvinnaren vore leiar i handballgruppa og dommar. Prisvinnaren tek fortsatt på seg dommaroppgåver
- Stranda har dessutan fått nyte godt av prisvinnaren si interesse for politikk, lokalmiljøet og folka som bur her. Dei som kjenner prisvinnaren veit at vedkomande  er genuint oppteken av utvikling av bygda vår, og at Stranda skal vere ein god plass å bu på. Som lokalpolitikar har prisvinnaren hatt fleire verv: Vara til kommunestyret frå 1984  - 1988, fast medlem i kommunestyret frå 1988 til 1992, og dag er prisvinnaren fast medlem av kommunestyret.

Det er vel ikkje noko tvil eller hemmelegheit lenger at
Årets Frivillighetspris 2019 går til Petter Hjørungdal