Geiranger legevaktsatellitt

I samarbeid med Ålesund interkommunale legevakt har ein etablert videolegevakt i lokala til Geiranger legekontor. Har du behov for augeblikkeleg legevurdering utanfor kontortid og ringer 116 117 kan du no få vurdering på video utan å måtte reise til legevakta på Ørskog eller i Ålesund.  

Tilbodet er for akutte problemstillingar som ikkje kan vente til neste dag. Om liv og helse står i fare skal ein uansett ringe medisinsk naudnummer 113. 

Det er legevaktsentralen i Ålesund (116 117) som vurderer om ein skal nytte legevaktsatellitten avhengig av problemstilling og hastegrad. Når ein nyttar legevaktsatellitten vil personell frå ambulanse utføre undersøkingar og prøver i samråd med lege i Ålesund.