God stemning på folkemøte om fiberutbygging!

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

  

Tysdag og onsdag kveld var det informasjonsmøte i regi av Stranda kommune og Telenor i samband med den planlagde fiberutbygginga i Geiranger og Strandadalen. Det var bra oppmøte, og mange fekk svar på ting ein lurte på både under og etter møtet. Telenor hadde òg med seg entreprenør Eltel Networks som skal byggje fibernettet for Telenor. Seljarar frå salsselskapet Vinsit som jobbar for Telenor var òg til stades og publikum kunne dermed tinge fiber og TV på staden og få gode svar på sine spørsmål.

Telenor uttalar at dei er veldig glade for å ha fått tilliten frå Stranda kommune og opplever ein veldig god dialog med kommunen om både breiband og mobildekning i Stranda. Når desse prosjekta er i mål til neste jul har alle i Stranda kommune tilbod om høgfartsbreiband seier Remy Mjelstad, regionalansvarleg for utbygging og modernisering i Telenor.

Telenor vil ha dørseljarar i Geiranger, Strandadalen og på Stavseng dei neste vekene. Dei oppmodar alle til å ta dei godt i mot, og lytte til det gode tilbodet Stranda kommune har forhandla fram for sine innbyggjarar.

Telenor køyrer no eit kampanje-tilbod med TV og breiband for berre kr 799,- pr. mnd. i 12 mnd. Etablering er òg sett ned frå standard pris 4 990,- til no berre kr 1 990,-

For dei som ikkje hadde høve til å delta på folkemøta eller ikkje er heime når ein seljar bankar på, kan ein òg sjølv tinge på nett.

Det gjer ein på denne linken: https://www.telenor.no/privat/internett/
Her tastar ein inn adressa si og vel kva fart ein ønsker å tinge.

Har ein spørsmål, kan ein ringe ein av seljarane:

  • Alf Petter Opheim, mobil: 957 86 768
  • Henrik Børnes, mobil: 952 38 689

Til stades

Frå Telenor:

  • Arne Quist Christensen, moderniseringsdirektør
  • Remy Mjelstad, regionalansvarleg utbygging og modernisering
  • Siri Karlsnes, prosjektleiar

Frå entreprenør Eltel Networks:

  • Richard Sherrock, prosjektleiar