GRØNT-nivå for skular og barnehagar

Kriseleiinga beslutta i dag å gå til GRØNT-nivå for skular og barnehagar frå måndag 14.06.21.

Dette betyr mindre begrensningar i skular og barnehagar og er i tråd med regjeringa sin strategi om at barn og unge skal ha lavast muleg tiltaksbyrde i samband med pandemien. 

Klassen/avdelinga treng ikkje lenger å reknast som ein kohort og kvardagen kan organiserast sonm normalt. Borna/elevane kan igjen møtast og bevege seg fritt utan begrensningar. 

Framleis gjeld dei grunnleggande smittevertiltaka; ingen skal møte sjuke på skule/barnehage, det skal vere god hygiene og normalt reinhald. Ansatte skal fortsatt halde avstand til andre vaksne og elles følgje dei nasjonale smittevernråda.
Ein skal også unngå fysisk kontakt som handhelsing og klemming. 

Les meir om trafikklysmodellen