Grunnundersøkingar i samband med prosjekt for parkeringshall i fjell i Geiranger

På grunn av forsinkelse med søknad om arbeidsvarsling til vegvesenet, er arbeidet med refraksjonsseismikken utsatt til veke 39 (26. - 30. september 2022

Stranda kommune held på med eit forprosjekt for ein parkeringshall i fjell i Geiranger, ved hjelp av Asplan Viak AS.
I forbindelse med dette forprosjektet har vi allereie gjennomført grunnboringar for å kartleggje grunnen. Etter at grunnboringa var gjennomført, har vi konkludert med at det er naudsynt og føremålstenleg å gjennomføre refraksjonsseismikk i området for å kartleggje grunnforholda enda betre. Refraksjonsseismikken vil bli gjennomført av geofirmaet Geomap Norge AS.

Arbeidet med refraksjonsseismikken vil bli gjennomført i veke 39 (26.-30.september 2022.

I samband med utføring av refraksjonsseismikken vil det vere trafikkdirigering i området frå Geiranger reinseanlegg/ferjekaia til svingen med Geiranger hotell. For gåande/syklande vil det vere sperreband og skilting forbi området.
I forbindelse med arbeidet vil ein kunne høyre noko støy i området på grunn av dynamitt-skota.

Det vil vere forbudt å parkere langs fjellsida av vegen medan arbeidet pågår.

Refraksjonsseismikk er ein metode som nyttast for å kartleggje dybde til fjell, estimere forskjæringar og for å kartleggje bergkvaliteten. Refraksjonsseismikk går ut på å bruke små mengder med dynamitt som energikjelde. Dette genererer elastiske bølger/sjokkbølger i grunnen, som vidare blir fanga opp av geofonar. Ved hjelp av geometriske berekningar er det då mogleg å bestemme den seismiske hastigheita og tjukkelsen av dei forskjellige laga i grunnen.

For meir informasjon om seismikk, sjå heimesida til Geomap: https://www.geomapnorge.no/

Bildet viser dei 5 linjene som skal seismisk undersøkast. Det totale omfanget er omkring 800 meter seismikklinje. Rett ned frå dei tre vertikale linjene (P3, P4 og P5), vil det også vere totalt 3 ytterskot i sjø.