Har du gode forslag på tiltak langs Den Trondhjemske Postvei?

Møre og Romsdal fylkeskommune har frå 2023/2024 etablert ein ny tilskotsordning med direkte tilskot til Postveg-kommunar. Ordninga erstattar tidlegare ordningar.

Stranda kommune har utarbeidd retningsliner for korleis midlane (200 000 kr) som vi har fått frå Møre og Romsdal fylkeskommunen kan nyttast.

 

 

Lenke til vedlagde dokument:  Retningsliner for tilskotsordning (PDF, 827 kB)

Kommunen kan disponere midlane på eigne tiltak langs Postvegen, eller tildele dei til frivillige og næringsliv som ynskjer å arbeide med forvaltning eller verdiskaping rundt Postvegen. Kommunane kan dermed påverke korleis midlane blir prioriterte, slik at dei kan setje preg på arbeidet og skape synergiar med anna relevant arbeid. Men Stranda kommune ønskjer å lyse ut midlane slik at fleire kan søkje. I vedlagde retningsliner finn du kva krav kommunen stiller til ein slik søknad.

Kontaktperson i kommunen er:

Inge Bjørdal
E: inge.bjordal@stranda.kommune.no
M: 464 11 023