Høyring: kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet 2021 – 2024

Illustrasjon: Krible Design     

No er forslag til kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet 2021 – 2024 ute på høyring.
Høyringsfrist er 13. november 2020.

Kommuneplanutvalet vedtok i møte 19. juni 2019 å starte opp revidering av kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Jamfør planprosessen blir planforslaget lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i 6 veker. Dette blir gjort etter plan- og bygningsloven.

Den reviderte kommunedelplanen skal gi oss strategiar og tiltak på korleis vi vi best mogleg kan gi eit tilbod på dette feltet til alle i Stranda kommune i åra som kjem. Det er lagt opp til et fireårsperspektiv på plandokumentet. I samband med saksbehandling av spelemiddelsøknadar viser det seg nødvendig å gjennomføre rullering av handlingsplanen for anlegg kvart år som følgje av eventuell endra framdrift på aktuelle tiltak og prosjekt.

Det er ønskjeleg med tilbakemeldingar for område der informasjon mangler eller ikkje er korrekt. Vi oppmodar lag, organisasjonar og enkeltpersonar om å kome med innspel til planen.

Dersom du har innspel til planforslaget, kan du sende det til post@stranda.kommune.no innan fristen 13. november 2020.

Spørsmål kan rettast til einingsleiar Elisabeth A. Opsvik, tlf. 454 11 054/ e-post: eliops@stranda.kommune.no