Hyttefolket tek ikkje branntryggleiken på alvor

Klikk for stort bilete 

Undersøkelsar viser at hyttefolket slurvar med branntryggleiken. Dei stadfestar også at dei vil bruke hytta meir ein dei pleier denne sommaren. Brannvernet oppfordrar derfor alle til å påsjå at alt står bra til når det gjeld branntryggleiken.

-Vi har ikkje eksakte tal for hytter i vårt område, men vi veit frå andre stadar i landet at det er nær 40 prosent av alle hyttene som ikkje har fungerande røykvarslar. Det er også over 50 prosent som ikkje har slokkeutstyret i orden. Vi håpar at hyttefolket i vårt område tek dette på alvor, og sørger for at det ikkje er slik her hos oss, seier Lillian Aasheim frå det lokale brannvernet.

-Det finnast ei enkel sjekkliste for å ivareta brannryggleiken på hytta. Vi anbefalar alle å forhalde seg til den. Print den gjerne ut, og heng den opp på veggen, seier Aasheim.

Vi anbefalar også og henge opp ein nødplakat der GPS-posisjonen er på hytta, slik at naudetatar finn hytta.

Ein kan lage ein naudplakat gratis på https://norskluftambulanse.no/nodplakat/ eller https://www.kartverket.no/Kart/Nodplakat/

 

Sjekkliste for branntryggleik på hytta:

# Sjekk røykvarslarne kvar gong hytta tas i bruk.

# Ha alltid ekstra batteri i reserve

# Gå aldri frå levande lys

# Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ

# Deponer og kast oske frå vedomn/peis på ein forsvarleg måte

# Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk

# Vær ekstra varsam ved bruk av gass

# Sjekk utstyr og slangar jamleg

# Sørg for rikeleg tilgang til slokkeutstyr

# Bruk godkjente fagfolk til utbedringar som krev dette

 

Meir info om branntryggleik på hytta, inkl. sjekkliste for hytta, finnast her: https://brannvernforeningen.no/gode-rad/fritid-og-reise/brannsikkerhet-pa-hytta/

Nasjonal hyttekampanje
Branntryggleik på hytta er tema i ein landsdekkande sommerkampanje i regi av Norsk brannvernforening og Tryg Forsikring. Sommarens viktigaste bodskap er at alle må påsjå at dei har fungerande røykvarslar, då undersøkelsar viser at mange ikkje har det. Det lokale brannvernet deltek i kampanjen for å nå hyttefolket i sitt nedslagsfelt. På grunn av pandemien er dette ein digital kampanje, med hyppig bruk av sosiale og lokale medie og nettsider.