Ikkje lov å overnatte på hytte i andre kommunar

Klikk for stort bileteOvernatting på hytte/fritidsbustad utanfor eigen kommune er forbode.

Det er forbode å overnatte på hytte/fritidseigedom i annan kommune enn der vedkomande er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skadar tillatast.

Det er likevel eitt unntak: Friske familiemedlemmer som har ein person som er smitta i husstanden, kan opphalde seg i karantene på hytta i den perioden den smitta er i isolasjon.
Unntak § 5 i forskrifta.

Det vert ikkje høve til å søke dispensasjon.

Eventuell brot på denne forskrifta er ei politisak, og meldingar skal gå til politiet sin operasjonssentral tlf 02800, ikkje til kommunen.

Les meir her:
Regjeringen innfører hytteforbud