Ikkje påfyll til kommunale næringsfond i 2020 – men mange andre muligheiter for støtte

 

Vi fekk følgjande melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune  i dag:

«Som dei fleste allereie har fått med seg, blir det ikkje tildelt påfyll til dei kommunale næringsfonda frå Møre og Romsdal fylkeskommune i 2020. Denne e-posten er sendt for å forklare bakgrunnen for det, og informere om gode alternativ til støtte frå næringsfondet.

Ikkje lenger verkemiddel til næringsfond

Kommunale næringsfond har alltid vore finansiert over dei regionale utviklingsmidlane, tildelt fylkeskommunane over Statsbudsjettet. Fram til om lag 2012 var ein del av tildelinga øyremerka til dette formålet, etter det har fordeling til kommunale næringsfond vore valfritt for fylkeskommunane. Møre og Romsdal har, i motsetnad til fleire andre fylkeskommunar, prioritert tildeling til næringsfond fram til no, trass i at potten med regionale utviklingsmidlar har blitt kraftig redusert. På det meste vart nærare 30 mill. kroner fordelt på kommunale næringsfond, men etter ei gradvis nedtrapping var dette i 2019 redusert til 6 mill. kroner, tildelt på vilkår av at kommunane bidrog med minst halvparten frå eigne midlar.    

Frå 2020 er tildelinga av dei regionale utviklingsmidlane lagt om. Fylkeskommunen skal gi oppdrag til, og fordele pengar mellom, Innovasjon Norge og Siva. I tillegg forvaltar vi andre tilskotsordningar, men har ikkje lenger statlege rammer som kan fordelast til kommunale næringsfond. Vi forventar heller ikkje å få det i åra framover.

Kva alternative støtteordningar finst for lokale bedrifter?

  • For nyetablerarar vil dei framleis vere hoppid.no-midlar for å gjere dei første avklaringane av potensiale i ein forretningside. Stranda kommune fekk i 2020 kr 80 000 kr.
  • Innovasjon Norge sine distriktsvirkemiddel og etablerarstøtte. Desse må vi utnytte endå betre. Innovasjon Norge skal også bidra til at utviklingsprosjekt frå heile Møre og Romsdal får betre tilgang på nasjonale verkemiddel. Her kan kommunar/næringsselskap/hoppid.no vere koplar og rådgivar for lokale bedrifter
  • Så har mange kommunar kraftfond, havbruksfond eller andre typar utviklingskapital som kan og bør nyttast.
  • Kan lokale/regionale bankar vere ein samarbeidspart for kommunen og det lokale næringslivet?
  • Dersom det trengs forsking for å løyse bedrifta sine utfordringar kan MobPro og  regionale forskingsfond vere ein del av løysinga.
  • Om ein kommune opplever kraftig tap av arbeidsplassar kan det riggast omstillingsprosjekt for å snu trenden.   

Bortfall av kommunale næringsfond betyr ikkje at kommunen si rolle som næringsutviklar vert mindre viktig. Tvert om! Som tilretteleggjar og rådgivar er kommunen viktigare enn nokon gong. Difor er det viktig å oppretthalde og utvikle eit tett samarbeid mellom kommune og næringsliv. Fylkeskommunen ynskjer også å bidra til det, ikkje minst gjennom hoppid.no-nettverket».