Informasjon om kantklipping

Klikk for stort bilete

Frå tid til anna oppstår det farlege sitasjonar grunna manglande eller mangelfull tilbakeskjering og rydding av vegetasjon langs kommunale og private vegar. Dårleg sikt kan skape farlege situasjonar og er til hinder for trafikk og vedlikehald. Rydding av areal langs vegane og i avkøyrsler er ein enkel og rimeleg måte å hindre farlege situasjonar.

 

Det er den enkelte som har tre, vekster og andre planter sitt ansvar at desse ikkje påfører naboeigedom ulemper. Dette gjeld også vegar og fortau.

Stranda kommune oppmodar alle som har tre, vekster og andre planter om å ta ansvar for å halde desse borte frå fortau, vegar og kryss.