Informasjon om pasienttransport

 Bytte av leverandør av rekvirert tilrettelagt pasienttransport (drosje) frå og med 1. juni -22.

ANSKAFFELSEN
Lov om offentlige innkjøp regulerer korleis offentlige innkjøp over ein viss storleik skal organiserast.
Helse Midt-Norge har gjennomført ein anbodskonkurranse for køyring av tilrettelagt pasienttransport i Møre og Romsdal i tråd med gitt regelverk.  
Norgestaxi Vest AS, er tildelt kontrakt for rekvirert tilrettelagt pasienttransport for Helseforetaket i kommunane på Nordre Sunnmøre; Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven og Ålesund.
Oppstart ny avtale er frå og med 1. juni -22.

BESTILLINGSTIDSPUNKT
Alle planlagde reiser til behandling skal bestillast seinast innan klokka 13:00 siste kvardag før reisa skal skje. Transportar bestilte etter dette kan ikkje garanterast utført i tide, men vil bli utført så raskt som mulig.

IKKJE PLANLAGD BEHANDLING
Dersom pasient har behov for å komme til behandling utenom planlagde timer (øyeblikkelig helsehjelp / legevakt), bør pasienten så langt som mogleg organisere eigen transport og søkje denne dekka i ettertid.

Ein tek slik ned risikoen for uforutsette hendingar, forsinkingar o.l, og Pasienten vil få refusjon etter gjeldande reglar for utgiftsdekning. Der er utvida rett til utgiftsdekning ved behov for øyeblikkelig helsehjelp. Pasienten må få dokumentert sitt behov for øyeblikkelig helsehjelp og legge dokumentasjonen ved sin søknad om denne retten skal innvilgast. Les meir om ordninga på Helsenorge.no   

UTVIDA ÅPNINGSTID
Pasientreisekontoret i Helse Møre og Romsdal vil i ein periode ha utvida åpningstid for behandlarar og transportørar til 19:00 på 05515 tastevalg 2 Avbestilling – Etterlysning – Brukerstøtte.
Her kan ein og få hjelp til å håndtere uforutsette hendingar knytta til leverandørbytte.  

AVVIK
Pasientreisekontoret i Møre og Romsdal koordinerer i dette området 2-300 rekvirerte transportar pr. dag. Innimellom opplever vi dessverre at levert teneste ikke svarar til forventningane. Det er da viktig å gi oss ei tilbakemelding på dette, slik at vi kan identifisere årsaka til dette. I vekslinga mellom ny og gammal leverandører er risikoen for slike hendingar ekstra stor. Det er da ekstra viktig med raske og presise tilbakemeldingar når noko ikkje svarar til forventninga.

KONTAKT
Pasientreiser kontaktes på 05515 08-16 (19 for avbestilling / etterlysning)/ pasientreiser@helse-mr.no
Norgestaxi Vest AS kan ved behov for etterlysning / endring utenfor vår åpningstid nås på 47 93 40 72