Invitasjon til aktørar som kan medverke til å utvikle produksjon og distribusjon av hydrogen av innestengt kraft frå småkraftverk, brukt til energiberar for bl.a. transport.

Stranda kommune fekk tildelt prosjektmidler frå Norges Forskingsråd til å utgreie nytten av ein før-kommersiell innovasjonskonkurranse. Dette inneber at kommunen kan lyse ut ein konkurranse der vi inviterer inn aktørar som kan medverke til å utvikle produksjon og distribusjon av hydrogen av innestengt kraft frå småkraftverk. Stranda kommune har til hensikt å stimulere til nullutsleppslysingar innan m.a. transport, og i samband med at Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri i 2026.

Stranda kommune ønskjer velkomen til ein dialog 27. septemper i Ålesund der vi ønskjer innspel til utviklingsbehov som innovasjonskonkurransen kan innehalde. Dialogen er aktuell for:

  • Bedrifter som kan utvikle og optimalisere løysingar for produksjon og distribusjon (infrastruktur) for hydrogen frå småkraftverk som m.a. kan nyttast som energiberar til transport på sjø og ev. land:
    • Småkraftverk i heile landet som har innestengt kraft og som kan nyttiggjere seg denne til produksjon av hydrogen for sal
    • Bedrifter som kan optimalisere elektrolysørar
    • Transportselskap og bedrifter med løysingar for distribusjon og infrastruktur (fyllestasjonar) som gjer hydrogen tilgjengeleg for kundar
  • Aktørar som etterspør (er kundar av) hydrogen som energiberar for sine fartøy, landtransport og ev. andre som kan tenkjast å kunne gjere bruk av hydrogen som nullutsleppsenergi
  • FoU-institusjonar, fagmiljø, konsulentbedrifter med kunnskap om slike løysingar
  • Investorar

Alle som har behov for, og ønskjer og ser muligheit for å få utvikla og prøvd ut løysingar som optimaliserer produksjons- og distribusjonsløysingar, blir bedne om å kome med konkrete innspel til kva innovasjonskonkurransen kan innehalde/fokusere på slik at den blir i tråd med behova for utvikling. Målet er å få realisert løysingar innan 3-5 år.

Dialogen består av dialogkonferanse 27. september i Ålesund på Scandic Ålesund, Molovegen 6, og med etterfølgjande ein-til-ein-møte og innspelsnotat.

Påmelding til dialogkonferansen her, helst innan 24. sept

Meir om behovet, skisser for produksjon og distribusjon av hydrogen frå småkraftverk med innestengt kraft, moglege utviklingsområde, samt om innovasjonskonkurransen og dialogen finn du i her.

 

Doffin-utlysing her.

 Ved spørsmål, kontakt Inge Bjørdal, inbj@stranda.kommune.no