Invitasjon til styrekurs, 23. mars kl. 08:30-13:00

Sparebanken Møre

 

 

Sparebanken Møre ønsker velkomen til styrekurs på Stranda Hotell 23. mars. Her vil det bli fagleg innhald mellom kl 09-12 etterfølgt av ein god lunsj og kulturelt innslag.

Styrekurset er spesielt retta mot eigarar, styremedlemar, styrekandidatar og daglege leiarar i små og mellomstore bedrifter, samt styre i frivillige foreiningar.

Målet med kurset er å klargjere dei mest kritiske utfordringane innan styrearbeid og ulike teknikkar for korleis ein best mogleg kan handtere dei. Det vert blant anna snakka om verdiar, ulike ansvarsroller og struktur på styrearbeid.

Kurset vert halde av:

Victor Jensen er leiar i StyreAkademiet Norge, i tillegg til medeigar, styreleiar og styremedlem i fleire bedrifter. Han driv også eige rådgjevingsselskap.

Kristian Haahjem er leiar i StyreAkademiet Sunnmøre, og dagleg leiar i industriselskapet Haahjem AS på Vigra.

Lenke til påmelding:

https://www.anpdm.com/newsletterweb/48435C427341405C4573474359/434B5C477841425D47724144594471/wn

Program for dagen:

  • 08:30 Registrering og servering av kaffi
  • 09:00-12:00 Fagleg program
  • 12:00-13:00 Lunsj med kulturelt innslag