Kommunalt næringsfond - Søknadsfrist 2020 - Stranda kommune

Kommunalt næringsfond - Søknadsfrist 2020

Stranda kommune får trass i at tidlegare signal frå fylkeskommunen om at det ikkje ville bli delt ut midlar til kommunale næringsfond (KNF) i 2020 i rekordstor tildeling på om lag 1,5 MNOK. Forklaringa  er at ein ønskjer å stimulere nyetableringar og bedriftsutvikling etter Korona-situasjonen.

Stranda kommune vonar at det kjem mange gode søknader.

Fristen for å søkje støtte frå det kommunale næringsfondet for Stranda kommune er fredag 31. juli.

Vi gjer merksam på at det for 2020 gjeld spesielle reglar for prioritering. Det er lagt ut lenker til desse retningslinene på nemnde heimeside. I tildelingsbrevet frå KMD til fylket vert det sagt følgjande:

«Kommunale næringsfond skal gå uavkorta til kommunar som er særleg hardt ramma av høg arbeidsløyse på grunn av covid-19-situasjonen. Tildelinga skal gjere det mogleg for kommunane å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar, og det kan til dømes gjevast støtte til marknadsføring, mindre investeringar, opplæring, produktutvikling og nyetableringar

Kommunen vil også bruke den nye strategiske næringsplanen som utgangspunkt for for prioritering.

Søknader til KNF skjer berre elektronisk og via portalen RF 13.50: https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx

Vi gjer òg merksam på at Offentleglova og Forvaltningslova gjeld for søknader av denne typen.

Dersom du treng hjelp ved utfylling av elektronisk søknad tek du kontakt med næringssjef Inge Bjørdal (Mob.: 464 11 023. E-post: inge.bjordal@stranda.kommune.no).

Meir informasjon, vedtekter m.m.  finn du her:
https://www.stranda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/kommunalt-naringsfond/