Kompetansemidlar til bachelorstudentarStranda kommune søkjer årleg Fylkeskommunen om kompetansemidlar som ein vidare tildeler som stipend til bachelorstudentar innan helse- og sosialfag heimehøyrande i kommunen (alle bygdelag).Fylkeskommunale kompetansemidlar skal stimulere til kompetanseutvikling for å møte utfordringar i helse- og omsorgstenesta i framtida. Midlane blir fordelt i samsvar med den nasjonale prioriteringa.Det er knytt vilkår for tildelinga som vil kome fram i vedtaket. Ein må vere budd på å vere ferievikar i minimum 5 veker i hovudferien 2025 (veke 26 tom veke 33), treng ikkje vere samanhengande, samt høgtider (jul og påske) så lenge ein mottek stipend.I søknaden må du legge ved dokumentasjon på stadfesting av studieplass. Søknadsfrist: fortløpandeSend søknad til Liv Skarbø Gjerde på e- post: 63livgje@stranda.kommune.no eller til Helene Rimstad på e- post: 75helrim@stranda.kommune.noVi tildeler stipend så lenge vi har midlar -“førstemann til møllla” Stipendet er på kr 25 000,- pr. student pr. år. Den som kan arbeide minimum 2 veker i perioden v. 30- 33 vil få 5.000,- i tillegg.