Kompetanseutvikling for å hindre permitteringar og oppseiingar Koronakrisa har gått hardt ut over både store og små bedrifter over heile landet. For å motverke permitteringar og oppseiingar, og samtidig medverke til kompetanseheving, får fylkeskommunane no 300 millionar kroner til bedriftsintern opplæring. Med desse pengane kan bedriftene bruke ledig kapasitet til å heve kompetansen og omstille seg, framfor å permittere eller seie opp dei tilsette. På den måten kan vi motverke permitteringar og oppseiingar samstundes som fleire får auka kompetanse for framtida, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H). Arbeidsmarknadstiltaket bedriftsintern opplæring (BIO) er eitt av fleire tiltak for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa. Det er fylkeskommunen som forvaltar midlane fordi dei kjenner situasjonen i regionen godt og kan setje inn innsatsen der den trengst mest. Midlane er fordelte med eit likt beløp per innbyggjar og vil bli utbetalt 6. april. Dei 300 millionar kronene som blir utbetalte i april kjem på toppen av 300 millionar kroner, som alt er betalte ut i 2020. Fordeling: Fynr Fylke Tal innbyggjarar Løyvd i Prop. 79 S (2020-2021) Løyvd i Prop. 94 LS (2020-2021) Sum 3 Oslo 697 010 25856 12930 38 786 11 Rogaland 482 645 17904 8952 26 856 15 Møre og Romsdal 265 544 9851 4925 14 776 18 Nordland 240 345 8916 4458 13 374 30 Viken 1 252 384 46459 23229 69 688 34 Innlandet 370 603 13748 6874 20 622 38 Vestfold og Telemark 421 882 15650 7825 23 475 42 Agder 308 843 11457 5728 17 185 46 Vestland 638 821 23698 11849 35 547 50 Trøndelag 471 124 17477 8738 26 215 54 Troms og Finnmark 242 168 8984 4492 13 476 Landet 5 391 369 200000 100000 300 000