Kvardagshelt

Sidan Covid-19 pandemien braut ut, har Aurora Cena vore ei viktig brikke i arbeidet vårt ved Stranda omsorgssenter, avdeling Sjukeheimen.

Aurora har vore besøksvert og ansiktet utad for dei besøkjande på besøksrommet. Med si breie erfaring både som sjukepleiar og leiar før pensjonisttilværelsen, har ho i tillegg til dette støtta oss både i planlegging og praktisk utføring av dei mange utfordringane som vi har hatt både i 2020 og 2021.

No som besøksrommet vart avvikla frå 31.05.21, får pensjonisten nyte litt vel fortent fri – før den arbeidssomme kvinna tek til i å delta i vaksinasjonsarbeidet i kommunen. Slike eldsjeler nyt både kommunen og innbyggjarane godt av!

Tusen takk for den gode hjelpa her på omsorgssenteret, no håper vi det går riktig veg mot ein meir normal kvardag for oss alle.

Venleg helsing

Stranda omsorgssenter