Ledige stillingar som kommunepsykologar i Stranda og Fjord kommunarEr du psykolog og på utkikk etter den ultimate muligheita til å kombinere jobb og eit aktivt friluftsliv - ja då er dette rette området for deg. Vi tilbyr unik natur, fjord og fjell, og andre ekstreme opplevingar.Som følgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det oppretta to 100% psykologstillingar i Stranda- og Fjord kommunar. Psykologane vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale og regionale fagnettverk.Den/dei som vert tilsett i dei respektive kommunane får i fellesskap organisere, prioritere og utforme ein modell for samarbeid og fordeling av eventuelle arbeidsoppgåver. Psykologane vil ha hovudkontor i den respektive kommunen ein blir tilsett i, men det blir lagt til rette for arbeid begge plassane. Meir informasjon om stillingane