Mellombels avgrensa tilgang til byggesakshandsamarar i Stranda kommune

  

Grunna stor mengde byggesaker til handsaming og samtidig ferieavvikling, innfører Stranda kommune avgrensa tilgang til byggesakshandsamarar i ei periode fram til veke 32. Dette er eit mellombels tiltak for å få behandla mest mogleg saker innan lovpålagte fristar.

Direkte kontakt til sakshandsamar vert ikkje svart på, om det ikkje er heilt naudsynt informasjon knytt til pågåande saker. Ber om at ein sender spørsmål knytt til byggesaker på e-post til post@stranda.kommune.no.

Nyttige lenker for deg som skal bygge:

Kartløysing på nett (viser nyare reguleringsplanar):
www.kommunekart.com

Stranda kommune har informasjon om ulike byggesaker:
https://www.stranda.kommune.no/tenester/bygg-plan-og-eigedom/bygg/

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har informasjon om byggesaker og byggereglar: 
www.dibk.no

Råd og tips i høve bygging og endring av bygg, og om du må søkje:
https://dibk.no/bygge-eller-endre/

Søknadsløysing for profesjonelle og privatpersonar:
https://dibk.no/soknad-og-skjema/

Med søknadsløysinga for privatpersonar får du informasjon steg for steg gjennom prosessen.

Merk:

Hugs at tiltak som ikkje er søknadspliktig, også må vere i samsvar med gjeldande reguleringsplan eller kommuneplan som gjeld for eigedommen.

Om tiltaket ikkje samsvarar med arealplanen, må du vurdere å tilpasse tiltaket eller søkje om dispensasjon frå arealplanen.